Ansatte

  


Nikolai Handle Jensen

Fysioterapeut
Vikar med refusjonsavtale med Røyken Kommune




Stine Høiby

Fysio- og Manuellterapeut
Refusjonsavtale med
Røyken Kommune






Randi Vatna


Randi Vatna er dessverre 100% borte frå jobb  pga sjukdom i nær familie. 

Fysioterapeut & Manuellterapeut
med 100 % kommunal driftsavtale i Røyken Kommune.

Randi Vatna har bachelor i fysioterapi frå Høyskolen i Bergen (2004-2007). Ho har masterutdanning i manuellterapi (2011-2013), og har vidareutdanning innan kognitiv terapi for somatisk sykdom og skade (2016-2017). 

Som manuellterapeut har ein primærkontaktrolle. Ein manuellterapeut kan om det er aktuelt, henvisa vidare til radiologiske undersøkingar og spesialisthelseteneste, samt sjukemelda i inntil 12 veker ved muskel- og skjelettproblematikk. 

Eg har ei individuell tilnærming til kvar enkelt pasient, og ynskjer at kvar og ein skal med dei rette verktøya, ta aktivt ansvar for eiga helse.  Det vil auka sjansen for å oppnå langsiktige og varige resultat, anten i form av reduserte smerter, betre funksjon og/eller betre livskvalitet. 

Det er viktig for meg å ha eit tett samarbeid med anna helsepersonell i kommunen.
Eg samarbeider i tillegg med Røykenbadet, Yogahuset, Sporty Trening, Akimi, Frisklivssentralen og kommunale fysioterapeutar for å kunne komma i gong med og ivareta gode treningsvanar i kvardagen.



Interesseområder:
Muskel- og skjelettplager
Rehabilitering etter ortopediske inngrep
Førebygging og oppfylging av idrettsskadar
Undervisning og gruppetrening
Kognitiv Terapi


PRISAR

Prisane for å komma til fysioterapeut/manuellterapeut med avtale er fastsatt etter Helfo sitt takstsystem.
Pasientar med godkjendt yrkesskade 
og born under 16 år får full refusjon. 


Hugs at ein time må avbestillast arbeidsdagen før kl 1200. Viss ikkje må timen dekkast i si heilheit.