Manuellterapi

 
 
 
 

Fysioterapeutar med denne vidareutdanningen blir kalla manuellterapeutar, og har spesialistkompetanse innan undersøking, behandling og førebygging av problem i nerve-, muskel- og skjelettsystemet.


Manuellterapeutar er primærkontaktar
 
 Manuellterapeutane kan:

• henvisa pasientar vidare til spesialisthelsetenesta.
• henvisa pasientar til radiologiske undersøkingar.
• sjukemelda pasientar med muskel og skjelettplager/- sjukdomar i inntil 12 veker.
• ved langvarig sjukemelding delta i lovpålagt «dialogmøte» saman med
arbeidsgjevar, arbeidstakar og bedriftshelsetenesta.



Kva gjer ein manuellterapeut?

Manuellterapeutar er spesialistar på skade og sjukdom i muskel- og skjelettsystemet. Dei undersøker og vurderar bevegelsesapparatet sin funksjon med tanke på bevegelighet, funksjon og smerte. Ved behov henvisar manuellterapeutar pasientane vidare til bileteutreding (røntgen, MRI, CT m.m.) eller til annan spesialist. Etter undersøkinga vil manuellterapeuten kunne gje informasjon om "diagnose", årsak til smerter og funksjonssvikt og prognose. Manuellterapeuter nyttar vitskapleg dokumenterte behandlingsmetodar for å lindra smerter, gjenopprette funksjon eller forsinka ein progredierande funksjonssvikt. Eksempel på slike metodar er leddmobilisering og manipulasjon, manuell bløtvevsbehandling, muskeltøyingar og nervemobilisering. I tillegg vil manuellterapeuten vegleia og styra rehabiliteringa etter skader og undervisa i mestringsstrategiar og kognitiv terapi ved kroniske smerter og sjukdom. Manuellterapeuten føretek si vurdering med ei grunnleggande forståing for at feilfunksjonar i muskel- og skjelettsystemet òg kan skuldast psykologiske og sosiale forhold. Gjennom behandlingsperioden vil du som pasient få informasjon om, og hjelp til å trena opp og forbetra ein redusert funksjonsevne i tillegg til å førebygga tilbakefall.
Du vil òg få vegleiing om korleis du skal forholda deg til dine plager.

For meir informasjon om manuellterapi, besøk denne heimesida: https://fysio.no/Pasientinfo/Pasientbrosjyrer/Manuellterapi


Randi Vatna har master i Clinical Physioterapy (Manual Therapy) frå Curtin University i 2011. Ho vart ferdig utdanna Manuellterapeut ved Universitetet i Bergen i 2013. Ho har kommunal driftsavtale med Røyken Kommune.