Kognitiv Terapi



Kognitiv terapi (kognitiv åtferdsterapi) har hovudvekt på problemløysing og auka innsikt i samanhengen mellom smerter, tankar, handlingar og kjensler. Eit viktig mål er å bryta vonde sirklar som kan vera med på å oppretthalda fysiske og psykiske helseproblem. Dette blir gjort ved kartlegging av vanskelege situasjonar, utforming av aktivitetar som gjev sjølvtillit og energi, utforsking og eventuelt endring av negative tankemønstre, stimulering til auka sosial kontakt og førebygging av tilbakefall.

Problemstillingar som blir behandla med kognitiv terapi kan vera langvarige smerter, idrettsskadar, utmatting/fatigue, søvnproblem, depresjon og angstlidingar. Kognitiv terapi er eit viktig supplement i behandling av ei rekkje somatiske sjukdomar, for eksempel ved kreft, multippel sklerose, hjarte- og lungelidingar og diabetes. 
 
Eit sentralt mål i kognitiv terapi er at pasienten skal bli sin eigen terapeut. Hovudfokuset er vegleia sjølvhjelp, med sjølvhjelpslitteratur og nettbaserte sjølvhjelpsprogram. Du finn sjølvhjelpsmateriell og utfyllande informasjon om kognitiv terapi på denne heimesida: www.kognitiv.no

Fysio- og Manuellterapeut Randi Vatna har vidareutdanning innan
kognitiv terapi for somatisk skade og sjukdom, i regi av Norsk Forening for Kognitv Terapi.

Randi Vatna er dessverre langtidssjukemeldt frå Røyken Fysio og Manuellterapi. Me kan difor ikkje tilby Kognitiv Terapi for tida.