Gruppetrening

 



Undervising og gruppetrening for pasientar med hofte og/eller kne artrose, samt degenerative meniskplager i kne.

Pasientar kan bli henvist til behandling frå fastlege, ortoped eller ved å ta direkte kontakt med Røyken Fysio- og Manuellterapi på eiga hand. Ein treng ikkje henvising frå fastlege. Pasientane som deltek i AktivA vil vera med på ein artroseskule som vil gje dei betre innsikt i deira diagnose, behandlinga av denne og kva dei sjølv kan gjera for å betra symptom og plager. Etter artroseskulen vil pasientane gjennomgå eit ca 12 vekers individuelt tilpassa treningsprogram kor hovudmålet er at pasientane skal få nok kunnskap til sjølv å kunna vedlikehalde aktivitetsnivået på eigahand.
 
AktivA er eit program kor hensikta er å implementera internasjonale retningslinjer for pasientar med artrose eller degenerative meniskplager i klinisk fysioterapipraksis. Retningslinjene vektlegg informasjon, trening og vektreduksjon (om det er naudsynt). Målet er at alle pasienter med kne og/eller hofteartrose i Norge skal bli tilbudt denne evidensbaserte behandlinga.

Nikolai Handle Jensen er sertifisert
Aktiv A instruktør.



For utvida informasjon:




Muskel og skjelettgruppe

Me tilbyr undervisning og gruppetrening på Røykenbadet for pasientar med langvarige muskel- og skjelettplager. Alle pasientar skal ha ei vurdering hos fysio-og manuellterapeut Randi Vatna i forkant av opptreninga. Om gruppa er aktuell, kan ein få tilbod om eit ca 12 vekers oppfylging. Hovudfokuset er at ein skal få betre innsikt ift kva faktorar som kan vera med på å oppretthalda langvarige muskel- og skjelettplager, få hjelp til å komma i gong med fysisk aktivitet, og kva ein sjølv kan gjera for å få betring, anten smerte- og/eller funksjonsmessig. Etter treningsperioden er over får ein ei avsluttande vurdering der vidare tiltak blir vurdert slik at kvar enkelt skal ta aktivt ansvar for eiga helse. 

Ta kontakt med oss om du har spørsmål om denne gruppa.