Fysioterapi



Kva er fysioterapi?

 

Fysioterapeuten sitt kunnskapsfelt er kropp, rørsle og funksjon. Sentrale element i undersøkings- og vurderingsprosessen er: pasienten si sjukehistorie, kartlegging av dagleglivet sine aktivitetar og funksjonar, rørsleanalyse, spesifikke undersøkingar og testar, vurdering av ressursar og begrensingar, vurdering av moglege samanhengar mellom ulike funn, pasienten sine funksjonsproblem og pasienten sin livssituasjon.

I behandlinga brukar fysioterapeuten ulike metodar, teknikkar og aktivitetar, samt informasjon og vegleiing. Pasienten si aktive deltaking i behandlinga er sentral. 
 
Fysioterapeutar samarbeider tett med anna helsepersonell som f.eks. fastlege, lege med spesialistkompetanse, psykolog, psykomotorisk fysioterapeut, sjukepleiar, ergoterapeut og ernæringsfysiolog. I tillegg kjem samarbeid med andre tilbod i kommunen som treningssenter, frisklivssentral og aktiv på dagtid.

For meir informasjon om fysioterapi, besøk denne heimesida: www.fysio.no

For tida er det 1 fysioterapeut ved Røyken Fysio- og Manuellterapi. Fysioterapeut Nikolai Handle Jensen har eit 100% vikariat frå 01.10.18 - 31.03.19, då Randi Vatna er langtidssjukemeldt pga sjukdom i nær familie.

Frå 01.01.18 treng ein ikkje henvising frå fastlege for å komma direkte til fysioterapeut eller manuellterapeut med refusjonsavtale.